Denne bloggen er ikkje lenger i bruk

Vi har flytt til ny adresse: www.historievest.no

Velkomen på kurs!

Takk for kjapp påmelding til kursa! Vi startar allereie på mandag, så her går det unna i svingane. Slik ser lista ut så langt. Står du ikkje her, kan du framleis møte opp:


15.09 Sogndal (HSF, frammøte ved administrasjonen på avd. for lærarutdanning, kl. 16.00)
Jan Grønsberg
Marit Sjåstad
Einar Sæterbø
Johanna Jansen
Roger Edvardsen

16.09 Skranevatnet skole (eige kurs 11 lærarar, 8.30-10.00)

16.09 Bergen (Olsvik vg.skole kl. 1200, rom 011)
Ole Marius Jakobsen
Anne Svartveit
Åse Marie Een
Kjell H. Helland
Åke Rognes

30.09 Stord (Sagvåg skule, kl. 10.00)
Egil Petterteig
Kjell Byrkjenes
Mari-Ann Madsgard
Kjell Magne

Sagvåg er i gang!

Egil og Kjell hadde klassen med seg på Vervadagane på laurdag og i går fekk dei læra å byggja båt og smi og klinka.
Dei skal no bearbeide film og bilete og lage tekstar om det dei har lært.



Sjå fleire flotte bilete på skulen sine heimesider

Video

Som vi har snakka om tidlegare skal Mediesenteret ved HIB lage ein kort video om prosjektet på ca. 3-5 min. Denne skal vere ferdig i november. Innan den fristen når vi ikkje å besøke alle skulane og vi har heller ikkje ressursar til det. Vi har difor plukka ut nokre skular og gjort avtalar direkte med dei. Vi tenkjer likevel at vi skal kunne profilere alle skulane gjennom ein lenger film mot slutten av prosjektperioden. Då ser vi for oss at vi kan bruke noko av det foto- og filmmaterialet som de og elevane dykkar produserer. Det blir då ein slags digital forteljing om kva elevane (og lærarane) i dette prosjeket har opplevd. Synspunkt på dette?

prosjektskissene

Minner om at de finn prosjektskissene dykkar på koplinga http://home.hib.no/ansatte/bop/VH/prosjekt.xml. Her kan de redigere etterkvart som opplegga blir meir konkrete (etter kvar skisse finn de ei lenke som heiter 'rediger skisse'). Vi nyttar desse til å halde oversikt over kva som skjer når på dei ulike skulane. Vi brukar også skissene til å informere samarbeidspartar (td. arkiv) om kva dei ulike prosjekta handlar om. De finn også lenke til desse skissene under 'sentrale dokument' i høgremargen.