Som vi har snakka om tidlegare skal Mediesenteret ved HIB lage ein kort video om prosjektet på ca. 3-5 min. Denne skal vere ferdig i november. Innan den fristen når vi ikkje å besøke alle skulane og vi har heller ikkje ressursar til det. Vi har difor plukka ut nokre skular og gjort avtalar direkte med dei. Vi tenkjer likevel at vi skal kunne profilere alle skulane gjennom ein lenger film mot slutten av prosjektperioden. Då ser vi for oss at vi kan bruke noko av det foto- og filmmaterialet som de og elevane dykkar produserer. Det blir då ein slags digital forteljing om kva elevane (og lærarane) i dette prosjeket har opplevd. Synspunkt på dette?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar