Vi har drøfta behovet for ytterlegare kursing i IKT-relaterte emne i prosjektleiinga. Vi ynskjer svært gjerne at skulane her seier noko om kva de ynskjer. Vi ser for oss at vi kan arrangere ein kurskveld i fire regionar (Bergen, Sunnhordland, Sogn og Sunnfjord) tidleg på hausten. Her vil det vere aktuelt å diskutere korleis vi har tenkt at prosjektet sin nettstad skal brukast av lærarar og elevar og kva rolle lærarane har når det gjeld å kvalitetssikre elevarbeidet. Det kan også her vere aktuelt å vise / prøve ut korleis ein lagar til dømes enkle digitale forteljingar, eller anna de ynskjer at vi set fokus på. Kom med innspel! Bruk kommentarfunksjonen her på bloggen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar