Fagstoff til den nye nettstaden

Den nye nettstaden til prosjektet skal vere klar til skulestart. Der vil de mellom anna finne korte innføringstekstar til dei overordna temaene de arbeider med (industrialisering, samferdsel osb), samt lenker til ressursar under kvart tema som er nyttige for elevane. Frå kvart overordna tema vil det også vere lenke til dei skuleprosjekta som sorterer under kvart tema (td. industrialisering -> Tangen skule, Eidsvåg osb.) På desse sidene vil de som lærarar få tilgang til å publisere eigne tekstar og peikarar til ressursar som er relevante spesielt for dykkar prosjekt. Såleis håpar vi å kunne byggje bru mellom det lokale og det regionale og skape rom for refleksjonar over korleis lokalsamfunna inngjekk i ein større regional og somme tider nasjonal / internasjonal samanheng.

I samband med arbeidet vi gjer for å tilrettelegge fagstoff på nettsidene, vil vi kontakte dykk for at de skal kunne kome med innspel på korleis tekstane fungerer i forhold til det de måtte ynskje å bruke dei til. Vi ber om at de er litt på utkikk etter epost frå oss ved skulestart og svarar så snart de har anledning.

Ingen kommentarer: