Vi ynskjer alle lærarar og rektorar (el. evt. andre i administrasjonen) som deltek i prosjektet velkommen til samling i Bergen 24.-25.01.08. Det faglege vil føregå på Landås som sist. Dei som treng overnatting vil bli innkvartert på Strand hotell i Bergen og det sosiale torsdagskvelden vil også gå føre seg i sentrum.
Seminaret vil i fyrste rekke handle om å konkretisere det historiefaglege og didaktiske innhaldet i opplegga dykkar. Vi ynskjer å arbeide tematisk i høve til skissene de har levert (frist 18.12). Vi vil også kople til oss ressurspersonar spesielt for desse temaene til samlinga.
Liste over påmeldte ligg under 'sentrale dokument' til høgre. Her finn du også ei førebel liste over innmeldte tema som skulane ynskjer å jobbe med i prosjektperioden. Har du enno ikkje meldt deg på eller levert skisse - ta k0ntakt med Anne Gro (anne.gro.dalland@hib.no) snarast. Detaljert program blir lagt ut her rett over jul.
Seminar 24. - 25. januar 08
Lagt inn av
Bente Brathetland (redaktør)
kl.
5.12.07
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar