Godt nytt år!
Programmet for samlinga i januar er no lagt ut under 'sentrale dokument' til høgre. Som nemnt tidlegare er hovudføremålet med denne samlinga å få konkretisert det historiefaglege og didaktiske innhaldet i prosjekta dykkar. Merk dykk også at vi torsdag føremiddag ynskjer å diskutere nærare prosjektavtalen vi vil inngå med den enkelte skule. Vi håpar dei som har anledning til det kan stille med rektor eller andre frå administrasjonen til å delta i denne økta.
Har du spørsmål av praktisk art, ta gjerne kontakt med anne.gro.dalland@hib.no. Dreier det seg meir om det faglege, så står eg til disposjon bente.brathetland@hib.no.
Velkommen til samlinga!
Program for samlinga 24.-25. januar
Lagt inn av
Bente Brathetland (redaktør)
kl.
8.1.08
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar