Deltakarlista er no oppdatert, og som de ser har dei aller fleste skulane meldt seg på. Dei fleste skissene som er komne inn er relativt 'tynne'. Det betyr vel at det er endå viktigare at denne samlinga blir ei 'arbeidssamling' der vi skal kome så langt som mogeleg når det gjeld å konkretisere kva opplegga dykkar skal innehalde.
I løpet av samlinga vil de få høve til å presentere tankane dykkar om opplegga og diskutert dykkar prosjekt med andre deltakarar som arbeider med tilgrensande tema. Det er også sett av tid til at lærarane på kvar skule sit saman og arbeider med innhaldet. Resultatet håpar vi er ei nokså detaljert prosjektskisse med tidsplan som kan fylgje avtalen vi inngår med den enkelte skule.
Me ynskjer dykk vel møtt til samlinga!
Samlinga torsdag
Lagt inn av
Bente Brathetland (redaktør)
kl.
22.1.08
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar